Servering og mat

Frukostbordet er dekka  i den trivelege matsalen i kjellaren på Gamle Fengselet Kulturhotell

Frukosten

Me serverer deilig frukost i trivelege lokale i fengselskjellaren kvar dag. Hos oss får du frukost av den heimelaga sorten, med ferske og gode råvarer som er så kortreiste som råd.

På Gamle Fengselet Kulturhotell har me ikkje eigen restaurant, men i småbyen Stord er det elles mange gode restaurantar og spisestadar å besøka til lunsj og middag, dei fleste i gåavstand.

To gjester sit og pratar over ein kopp kaffi i Bestastovo på Gamle fengselet kulturhotell, Stord

Bestastovo

Bestastovo er hjartet i Gamle Fengselet Kulturhotell. Den ligg like innanfor resepsjonen i Rettsbygningen, og er ærverdig og heimekoseleg møblert.

Nokre gonger vil det vera open kafé i Bestastovo, med sal av kaffimat. Andre gonger står det eit kakestykke eller noko anna godt framme til deg, utan at kaféen er open - berre fordi me elskar å varta opp gjestene våre:)

Bestastovo kan også bestillast som selskapslokale.

Søk etter ledige rom!

Eit par sit ved eitt av borda i puben på Gamle Fengselet Kulturhotell

Puben

Ved nokre høve vil det vera enkel mat å få kjøpt i vår eigen pub i fengselskjellaren. Ved offentlege eller private arrangement serverer me mat frå catering her nede, eller i Bestastovo.