Litt av historia

Ei historisk perle

Gamle Fengselet Kulturhotell er ei historisk perle i Leirvik på Stord. Tidlegare gav bygningane husly til kvinner og menn som trødde på feil side av lova, for det meste omstreifarar og fattigfolk. No er bygga fullt restaurerte til eit originalt småby-hotell og ei spennande kulturscene.

Det fullt restaurerte fengselet er blitt eit originalt hotell med ein triveleg atmosfære.

Fengsel og Rettsbygning

Det heile starta då Lervik Distriktsfængsel vart bygd i 1864. Bygga trona i den tid godt synleg oppe i Leirvik-bakkane. Murbygget fremst, med fangeceller i to høgder. Ein mellomgang knytte fangeromma saman med Rettsbygningen, eit to-etasjes trekledd bygg.

Frå resepsjonen i rettsbygningen, og gangen utanfor cellene i 2. etasje i fengselsdelen

Fangane

Ei samfunnsgruppe som dominerte fangelistene dei første driftsåra var omstreifarane, som det offentlege den gong kalla dei reisande. Det var ofte kvinner blant fangane, og det var ikkje uvanleg at mødrer på den tida måtte ha småbarn med seg under soningsopphaldet. Det vart også født barn i fengselet. Eitt av desse barna var Jean Føyen, og historia hans kjenner me godt.

Nøklane til fengselscellene før og no.

Eineceller og familiecelle

I fengselet sat fangane isolerte på sine vel åtte kvadratmeter store eineceller med eit lite gittervindauge høgt oppe på ytterveggen.

Dei same cellene har me forvandla til lekre overnattingsrom i fengselsdelen av hotellet.

Cellene er forvandla til lekre overnattingsrom. Kva med å tilbringa natta i celle nr. 5?

I tillegg til dei vanlege cellene var det ei celle som var større enn dei andre, ei såkalla familiecelle, for mødrer som hadde barna med under soninga.

I dag er dette blitt eit hyggeleg familierom på Gamle Fengselet Kulturhotell

Innreiinga i cellene

Cellene hadde ei flatseng som vart slått opp på dagtid,ein enkel pult, ei hylle på veggen og eit simpelt toalett i det einehjørnet mot gangen. Den dag i dag kan ein finna spor etter fangane, der dei har rissa inn figurar i dei tjukke murveggene. Nokre av desse spora har me valt å ta vare på, sjølv no etter oppussinga.

I dag er det triveleg i det som ein gong var fengselscellene.

Herskapeleg rettsbygning

Forutan romma i fengselsdelen, er også rettsbygningen fullt oppussa. Denne er bygd i sveitsarstil, og rommar både resepsjon, den trivelege Bestastovo og flotte, herskapelege hotellrom.

Detaljar frå innreiinga i bestastovo (t.h.) og frå eitt av dei herskapelege hotellromma i Rettsbygningen (t.v.)

Vil du vita meir?

Når du vitjar Gamle Fengselet Kulturhotell kan du på ulike måtar få bli meir kjend med historia til dette heilt spesielle bygget. For deg som er interessert er det mykje å utforska her:)

 
 

Gamle Fengselet Kulturhotell er innreia med små og store interiørskattar med ei historie. Mange av dei er direkte knytte til fengselshistoria.