Vertskapet

Vertskapet på Gamle Fengselet Kulturhotell, Hanne og Asle, står i inngangsdøra til hotellet

Hei og velkommen!

Me, Asle og Hanne, er det glade og stolte vertskapet for Gamle Fengselet Kulturhotell. I 2020 overtok me bygga som i si tid utgjorde det gamle fengselet på Stord, med eit sterkt ønske om å skapa noko saman, og å gje folk ei unik oppleving innan overnatting og kultur.

Ei spennande historie

Saman har me henta inspirasjon i bygningane i seg sjølve, og i den spennande historia frå ei anna tid som dei ber med seg.

Inspirasjon frå eigne reiser

Men også reiser i inn- og utland har inspirert oss, og særleg uforgløymelege besøk på små, heimekoselege hotell andre stader.

Velkommen

Til saman har det resultert i dette unike hotellet i hjartet av Leirvik. No gler me oss over å kunna ta imot gjester, og ser fram til å ta imot deg når du kjem! Me vil gjera det me kan for at du skal få ei inspirerande oppleving her på hotellet.

Hanne Almås Salomonsen & Asle Dahl

 

Følg oss gjerne i sosiale medier!