Personvern & cookies
Me bryr oss om personvernet ditt. Her gjer me greie for korleis me bruker informasjonskapslar på nettstaden vår, og om korleis me samlar inn og handterer opplysningar som er nødvendige for samhandling mellom kunden og Gamle Fengselet Kuturhotell. Klikk på punkta nedanfor dersom du vil vita mer om dette.
-
Namn på føretaket: Gamle Fengselet Kulturhotell
Dagleg leiar: Hanne Almås Salomonsen
Adresse: Jens Hystadveg 14, 5414 Stord
Telefonnummer: 901 49 770
E-post: post@gamlefengselet.no
Organisasjonsnummer: 927129434
-
Informasjonskapslar, også kalt cookies, er små tekstfiler som blir plassert i nettlesaren du nyttar. Cookies kan nyttast for forbetra funkjsonalitet og/eller til analyse og marknadsføring. På denne sida skil me mellom cookies me sjølv nyttar og cookies frå tredjepartar.
COOKIES FRÅ TREDJEPARTAR: På sida vår kan du bestilla overnatting via bookingsystemet vårt, Visbook. Når du følger ei lenke som tar deg til booking-systemet, får du derfor spørsmål om å akseptera eller avslå deira cookies.
COOKIES ME SJØLV NYTTAR:
Cookies for funksjonalitet: Dette er cookies som er naudsynte for drift av sida, og er gitt av publiseringsplattforma Squarespace, som me nyttar for nettstaden vår. Desse kan ikkje veljast bort.
Cookies for analyse/statistikk: Me nyttar Squarespace Analytics til å analysera bruken av nettstaden. Dette gir oss verdifull informasjon om korleis sida vår blir brukt, men ingen sporbare personopplysningar.
Cookies for marknadsføring: Me nyttar ikkje cookies til marknadsføring.
OVERSIKT OVER COOKIES ME NYTTAR: Cookies sett av Squarespace kan sjåast her.
BLOKKERING AV INFORMASJONSKAPSLAR: På generelt grunnlag minner me om at du kan du blokkera og/eller tillata cookies gjennom innstillingane dine i nettlesaren. Les meir om korleis du kan gjera dette på nettvett.no.
-
Me sel aldri vidare personopplysningar, og deler dei aldri med tredjepartar.
Me tek ikkje inn andre personopplysningar på denne nettstaden enn:
OPPLYSNINGAR DU EVENTUELT LEGG IGJEN I KONTAKTSKJEMAET: Desse opplysningane lagrar me i vårt system for å kunna oppretta ein korrespondanse med deg slik at me kan hjelpa deg med det du etterspør. Utfylt kontaktskjema vert sendt over ein epost-forbindelse, via Squarespace sine serverar i USA. Me har databehandlarhavtale med Squarespace, og dei er forplikta til å handsama personopplysningar motteke frå EØS på ein måte som møter EU-kommisjheronen sine standardkontraktsklausular. Du kan lesa meir her.
OPPLYSNINGAR DU EVENTUELT LEGG IGJEN I BOOKINGSYSTEMET: Dersom du bestiller eit rom hos oss, blir opplysningane dine lagt inn i bookingsystemet vårt, VisBook. Dei tar personvern på alvor, og du kan lesa om deira handtering av personopplysningar her.
-
Dagleg leiar i føretaket, Hanne Almås Salomonsen, er ansvarleg for handteringa av personopplysningane me samlar inn i samband med nettsida vår. Me gjer det me kan for å følgja reglane som gjeld til ei kvar tid.
-
Regelverket gir deg rett til innsyn, retting og sletting av personopplysningene me har lagra om deg. Kontakt dagleg leiar dersom du ønsker dette eller dersom du har spørsmål.